Skip to content

Vest-Telemark Næringsbygg AS har som føremål, i samarbeid med andre aktørar, å styrke og vidareutvikle næringslivet i regionen.

Vi jobbar aktivt i kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke, Vinje, Drangedal og Hjartdal. Gjennom strategiske investeringar, eigedomsløysingar og rådgjeving legg vi til rette for eit mangfald av verksemder. Vi trur på samarbeid og veit at sterke fellesskap skapar robuste arbeidsplassar og eit berekraftig lokalsamfunn.

Med røter tilbake til 1971 har vi vore involverte i over 80 byggeprosjekt. Dei fleste industribygga i Vest-Telemark er oppførte av Vest-Telemark Næringsbygg, og etter kvart har dei fleste bygga vorte overtekne av leigetakarane.

Vår rolle har utvikla seg over tid – frå å byggje og forvalte næringsbygg til òg å investere i selskap, der vi saman med andre investorar bygger næringsbygg som skal huse eit mangfald av næringsverksemder. Vi er difor aksjonærar i fylgjande eigedomsselskap:

  • FN-Eigedom AS – Eig Næringshagebygget i Fyresdal
  • SN-Eigedom AS – Eig næringshagebygget i Seljord
  • RN-Eigedom AS – Søker å etablere næringshagebygg i Rauland

Administrasjon

Olav Moen
Back To Top