Skip to content

Adresse

Brøløsvegen 57, 3840 Seljord

Tal på kontor

50 kontor

Seljord Næringshage er lokalisert sentralt i Seljord med gangavstand til dei fleste handels- og tenestepunkt. Næringshagebygget er eigd av SN Eigedom AS.

Seljord Næringshage held til i ein bygning som opphaveleg vart oppført for Televerket. Bygningen var påkosta og svært moderne i si tid, med betongkonstruksjonar med gode dimensjonar, og samanhengande vindaugsband som slepp inn mykje dagslys og gir godt utsyn. I seinare tid har bygningen fått ei skikkeleg oppgradering, samt eit påbygg i 2. etasje mot gata. Det er òg blitt opparbeidd ein terrasse mot sør. Næringshagebygget har lyse og moderne kontor og kan tilby både enkelt- og dobbeltkontor. Det er kjøkkenfasilitetar og sosiale soner i begge etasjar, samt to større møterom til felles bruk.

Seljord Næringshage har inngått avtale om 60 parkeringsplassar nær bygget, i tillegg til dei parkeringsmoglegheitene som allereie finst i sentrumsområdet.

Interessert?

Treng du eit kontor i felleskap, ta kontakt med oss.

Back To Top