Vest-Telemark Næringsbygg AS legg til rette for vekst og utvikling i regionen ved å skape moderne næringsbygg og investere i framtida.
Med ei solid historie og eit sterkt engasjement for lokalt næringsliv, bidreg vi til eit berekraftig og levande Vest-Telemark.
Seljord Næringshage
Er du på jakt etter kontorplass i eit inspirerande miljø, sentralt i Seljord?
I Seljord Næringshage kan du leige kontorplassar med tilgang til fellesareal, møterom og nytte moderne fasilitetar som legg til rette for ein effektiv og triveleg arbeidsdag. Her finn du eit profesjonelt og sosialt fellesskap som gir gode moglegheiter for utvikling og samarbeid.
Bli ein del av vårt faglege og sosiale fellesskap – eit nettverk som styrkar og løftar verksemda di!
Fyresdal Næringshage
Treng du ein profesjonell og inspirerande stad å jobbe i Fyresdal?
Fyresdal Næringshage ligg 20 meter frå vasskanten til Fyresvatn, har ulike løysingar for kontor og tilbyr moderne fasilitetar. Næringshagen husar bedrifter på tvers av bransjar, noko som skapar ein arena for nettverksbygging, samarbeid og vekst.
Bli ein del av vårt faglege og sosiale fellesskap – eit nettverk som styrkar og løftar verksemda di!
Leilegheiter i Høydalsmo
Ynskjer du å bu i ei fin og moderne leilegheit med flott plassering ved vatnet?
Sikre deg dei attraktive firemannsbustadene med kort veg til badeplass, fiskemoglegheiter og fine turområde. Kvar leilegheit er på 75 m2 med gjennomgåande god standard, 3 soverom, bod og garasjeplass.