Seljord næringshage er lokalisert i Telebygget på Brøløs i Seljord sentrum. Næringshagebygget er eigd av SN Eigedom AS.
Konseptet med ein næringshage er å skape innovasjon, vekst og utvikling for bedrifter som er i ein start- og/eller vekstfase og som har behov for rådgjeving og kompetanse for å nå sine mål. Dette oppnår ein ved å samle fleire bedrifter under same tak, der synergiar frå eit større fagmiljø og kompetansemiljø saman med tilrettelagt infrastruktur gjev grobotn for ynskja utvikling.
Interessert?
Treng du eit kontor i felleskap, ta kontakt med oss.